Barnehagelærar
Vår barnehage har for tida 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, omtrent halvparten av dei i barnehagen.
Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.
Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.
Stillingsinformasjon:
- 60-100 % fast stilling som barnehagelærar
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning som barnehagelærar, eventuelt anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Relevant erfaring er ynskjeleg
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på er:
- gode samarbeidsevner
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- likar å vera ute
- har god leikekompetanse
- er ansvarsfull og lojal
- er ein bidragsytar for å utvikle barnehagen vidare
Menn vert oppmoda om å søkja.
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Tilsette må levere politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Referansenummer:
25/3245
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
30.11.2025
Tiltreding:
Snarast / Etter avtale
Arbeidsstad:
Luster
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Lustravegen 3300A 6872 Luster