Luster kommune - Luster oppvekstsenter

Lærar

Luster oppvekstsenter har elevar i 1.-7.trinn, og dei er fordelt på tre klassar. Komande skuleår har me 54 elevar.

Fokusområder hjå oss er inkluderande leikemiljø, elevmedverknad, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 20 tilsette ved oppvekstsenteret, ca.11 av dei i skulen.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar og høve til utvikling. 

Vår visjon:

Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Stillingsinformasjon

  • 100 % vikariat som lærar 01.08.2026-31.07.2027.
    Fagønskje: Norsk, matematikk, kroppsøving, spesialpedagogikk.
  • Inntil 100 % fast stilling som lærar frå 01.08.2026.
    Fagønskje: Norsk, matematikk, kroppsøving, kunst og handverk, musikk, spesialpedagogikk.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som lærar for trinn 1-7

Personlege eigenskapar som me legg vekt på:

  • auge for det einskilde barn
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • har god fagleg kompetanse saman med barn både ute og inne
  • gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • kjenner seg heime i visjonen vår
  • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt 
  • evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Dei tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

26/791

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

22.03.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Luster

Kontaktpersonar:

Adresse:

Lustravegen 3300A 6872 Luster

Kart: