Luster kommune - Luster ungdomsskule

Lærar

Luster ungdomsskule har inneverande skuleår 115 elevar og to klassar på kvart årssteg. 
Fokusområde hjå oss er fag- og læringstrykk. Viktige verdiar for skulen er å høyre til, medverknad og god delingskultur.
Det er 28 tilsette ved ungdomsskulen. Skulen ligg i kommunesenteret Gaupne. Det er om lag 30 minutt til regionsenteret Sogndal.

Stillingsinformasjon

  • Ledig 100 % årsvikariat som lærar frå 01.08.2026

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Fagynskje: Norsk, Engelsk, Samfunnsfag, Kunst og handverk, Tysk, Spansk

Personlege eigenskapar me legg vekt på

  • Samarbeidsvillig
  • Verdset høgt delingskultur

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Nedskriving av studielån

Andre opplysningar 

  • Tilsett må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

26/728

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

22.03.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Gaupne

Kontaktpersonar:

Adresse:

Øygata 18A 6866 Gaupne

Kart: