Lærar
Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper.
Skulen er todelt, og skuleåret 2026/27 blir det 21 elevar på skulen, tre lærarar, éin SFO-tilsett og rektor. I barnehagen er det 4 tilsette, som har felles pauserom med skulen.
Med 21 elevar fordelt på sju ulike trinn er tilpassa opplæring ein sentral del av skulekvardagen. Dette gjev rom for å skapa gode relasjonar mellom elevar på tvers av trinn, og mellom elev og lærar. Gjennom eit godt og framtidsretta samarbeid mellom barnehage og skule, skapar me ein glidande og trygg overgang frå barnehagebarn til skuleelev.
Stillingsinformasjon:
- 100% fast stilling som lærar med oppstart 01.08.2026
Kvalifikasjonar:
- Grunnskulelærarutdanning 1-7
- Fagynskje: Engelsk, naturfag
- Me legg vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
- Gode samarbeidsevner
- Løysingsorientert
- Engasjement for, og evne til, å samarbeide med elevar, kollegaer og føresette for å skapa eit trygt og godt læringsmiljø
- Tydeleg vaksenperson, som både er omsorgsfull og kan setja grenser
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
Me kan tilby:
- Positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Referansenummer:
26/762
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
22.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Veitastrond
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Veitastrondsvegen 2252 6878 Veitastrond