Lærar
Om Skjolden oppvekstsenter
Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.
Inneverande skuleår er det 20 elevar på 1.-5. trinn. Komande skuleår er skulen todelt, med 6 trinn. Barnehagen har denne våren 24 barnehageplassar. Denne våren er det 15 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 10 årsverk barnehage, SFO og skule. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium.
Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa.
Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Stillingsinformasjon:
- Det er ledig 100 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2026-31.07.2027
Kvalifikasjonar:
- Pedagog med kompetanse 1.-7.trinn GLU
- Fagynskje: Begynnaropplæring, norsk. matematikk
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
- Gode samarbeidsevner
- Kan jobbe systematisk og målretta
- Vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- Eit reflektert pedagogisk grunnsyn
- Har høg arbeidskapasitet, gjennomføringsevne, taklar stress og er løysingsorientert
- IKT-kompetanse
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Nedskriving av studielån
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Referansenummer:
26/729
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
22.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Skjolden
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Bolstadvegen 7 6876 Skjolden