
Miljørettleiar
Solvorn oppvekstsenter ligg i bygda Solvorn, ei idyllisk perle ved Lustrafjorden. Oppvekstsenteret har barnehage, barneskule 1.-7. trinn og SFO i same bygg. Skuleåret 22/23 har skulen 20 elevar.
Stillingsinformasjon
Det vert ledig 71,2 % fast stilling som miljørettleiar frå 01.08.22.
Arbeidsoppgåver:
- snakka med, støtta og motivera elevar
- planlegga og organisera aktivitetar
- leggja tilrette for eit godt og inkluderande klasse- og skulemiljø
- førebyggja konfliktar
- delta i planlegging og oppfølging saman med andre tilsette
- samarbeida med heimane og andre instansar
Kvalifikasjonar:
- Det er ynskjeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning. Søkjarar med anna relevant bakgrunn og kompetanse kan også bli vurdert.
- God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
- Det er ønskjeleg med praksis frå skule/arbeid med elevar
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
- Kunna byggja gode relasjonar og ha eit positivt elevsyn
- Sjå moglegheiter og kunna motivera til utvikling/trivsel
- Ha godt humør, vera initiativrik og engasjert i arbeidet
Menn vert oppmoda om å søka.
Særskild for stillinga
Den tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9.
Kommunen kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Referansenummer:
22/3603
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
26.06.2022
Tiltreding:
01.08.2022
Arbeidsstad:
Solvorn oppvekstsenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Løteigane 13 6879 Solvorn