Luster kommune - Gaupne barnehage

Fagarbeidar

Gaupne barnehage er den største barnehagen i kommunen med fast kapasitet på inntil 132 plassar fordelt på seks avdelingar. Det er per i dag om lag 35 tilsette i barnehagen. Barnehagen er praksisbarnehage for studentar frå HVL.

Gaupne barnehage ligg flott til mellom mange fine turområde med kort veg til oppgradert utebase i Grindane og leikeområde i «Pulverheksskogen» på Grandane.

Satsingsområde er psykisk helsefremjande barnehage, inkluderande leikemiljø, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er eit godt fagmiljø i barnehagen der personalet er opptekne av fagleg og kollegial utvikling, barnets beste og foreldresamarbeid.  

Stillingsinformasjon:

  • 2 x 100 % fast stilling som fagarbeidar frå 01.08.24

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som fagarbeidar i barn- og ungdomsfaget og gjerne relevant erfaring

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på er:

  • gode samarbeidsevner
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • likar å vera ute
  • har god leikekompetanse
  • er ansvarsfull og lojal
  • er ein bidragsytar for å utvikle barnehagen vidare

Menn vert oppmoda om å søkja.

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Tilsette må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Del på:

Referansenummer:

24/1810

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Gaupne

Adresse:

Gardavegen 90 6868 Gaupne

Kart: