Luster kommune Luster omsorgssenter

Sjukepleiar

Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster. 

Stillingsinformasjon:
Luster kommune søkjer sjukepleiar til Luster omsorgssteneste, sjukeheim. Det er ledig 100% fast stilling frå snarast.

Stillinga inngår i todelt turnus med arbeidshelg 3.kvar helg, men om ynskjeleg kan ein jobbe langvakter 4.kvar helg.

Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar og til heimebuande. Per no er stillinga ved sjukeheimsavdelinga. 


Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir.
  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Rettleie og følgje opp elevar, studentar og lærlingar
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar
  • Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Del på:

Referansenummer:

24/1894

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Luster

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalsdalen 1 6872 Luster

Kart: