Luster kommune - Hafslo omsorgssenter

Sjukepleiar/Vernepleiar/Helsefagarbeidar

Hafslo omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt på Hafslo.

Tilsette ved Hafslo omsorgssenter yter tenester til omsorgsplass for personar med demenssjukdom, omsorgsbustadar og til heimebuande. I tillegg har me eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Me søkjer sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar som kan arbeide fleksibelt innan alle tenesteområda i eininga; omsorgsplass, heimetenesta og dagsenter. Me har fokus på personsentrert omsorg og miljøbehandling.

Stillingsinformasjon:

  • Me har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar  frå 01.08.2024/etter avtale. Stillinga inngår i turnus med arbeid 4.kvar helg. 
  • Som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar på Hafslo omsorgssenter vert du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me legg stor vekt på utvikling og kompetanseheving i eininga vår. 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir.
  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut i frå retningslinjer
  • Rettleie og følgje opp elevar, studentar og nytilsette
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring/kompetanse innan demensomsorg er ynskjeleg
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

24/1872

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

13.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Hafslo

Adresse:

Hafslovegen 122 6869 Hafslo

Kart: