Luster kommune - Hafslo barne- og ungdomsskule

Miljørettleiar/fagarbeidar/assistent

Vil du vere med å forme Hafslo barne- og ungdomsskule sin SFO? Skulen vår ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet, er ein 1-10 skule med rundt 220 elevar. I SFO er det frå hausten 2025 over 70 born, 12 tilsette og ein SFO-koordinator. Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen og SFO har lett tilgjenge til. Me meinar at samarbeid i team gjev dei beste resultata for å skape motivasjon, trivsel og læring. Difor ynskjer me nye tilsette som brenn for det same som oss, og vil vere med på å skape ein god arbeidsplass. Alle nytilsette og nyutdanna vert godt ivareteken og får oppfølging av mentor. På grunn av auke av born hausten 2025 treng me fleire omsorgsfulle vaksne på SFO.

«Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø»

Ledige stillingar:

  • To vikariat à inntil 44 % som miljørettleiar/fagarbeidar/assistent på SFO i perioden 14.08.25-31.07.26
  • Arbeidstid: Måndag, tysdag, onsdag og torsdag kl 13.15-16.30, og fredag kl 13.00-16.30 

Arbeidsoppgåver: 

  • Vere den trygge vaksne som ser barna, er med dei, deltek i samtale og leik
  • Du vil ha eit tett samarbeid med dine kollegaer om planlegging av innhald og gjennomføring av kvardagen på skule og SFO
  • Kommunikasjon med foreldre ved henting

Krav til kompetanse: 

  • Miljørettleiar m/høgskuleutdanning, fagarbeidar innan barne- og ungdomsarbeid,  eller anna relevant utdanning
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Me ser etter personar som tek initiativ, er positive og inkluderande, ser elevane og er med dei, tek ansvar og som tenkjer heilskapleg omkring elevutfordringar

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:

  • Gode samarbeidsevner, tek initiativ og ansvar, positiv og inkluderande
  • Ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov
  • Vere fleksible og skape gode relasjonar til både barn, foreldre og kollegaer
  • Likar å vera ute og ha ein aktiv kvardag
  • Bidra til at Sfo er ein god stad å vere

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

25/1837

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

19.06.2025

Tiltreding:

14.08.2025

Arbeidsstad:

Hafslo

Adresse:

Tangvegen 7 6869 Hafslo

Kart: