
Helsefagarbeidar
Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster.
Stillingsinformasjon:
- Inntil 100 % fast stilling som helsefarbeidar ledig frå snarast
- Stillinga inngår i todelt turnus med arbeidshelg med langvakter 4.kvar helg, men om ynskjeleg kan ein jobbe vanlege vakter 3.kvar helg
- Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar og til heimebuande. Per no er stillinga ved sjukeheimsavdelinga.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
- Rettleie og følgje opp elevar, studentar og lærlingar
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Autorisert helsefagarbeidar
- Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Del på:
Referansenummer:
25/2408
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse & Omsorg
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
28.09.2025
Tiltreding:
Snarast/etter avtale
Arbeidsstad:
Luster
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Dalsdalen 1 6872 Luster