Luster kommune Oppvekst

Områdevikar barnehage

Me har stort behov for fleire kollegaer i barnehagesektoren. Omsorg og tryggleik er viktig i barnehagane, og me er spesielt på utkikk etter:

  • deg som er vaksen og ansvarsbevisst
  • deg som likar å vera saman med barn
  • deg som held avtalar og er fleksibel på arbeidstider mellom 07.00-16.00

Stillingsinformasjon

  • 100 % fast stilling som områdevikar i barnehagane
  • Oppmøtestad etter avtale
  • Køyring til annan barnehage enn oppmøtestad vert godtgjort. Tilsett må disponere eigen bil

Kvalifikasjonar

  • Arbeidserfaring frå barnehage er ønskjeleg, men ikkje noko krav
  • Førarkort
  • Tilsetjing krev godkjent politiattest
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg


Personlege eigenskapar som vert vektlagd

  • Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setja grenser
  • Evne til å byggja relasjonar med barn og vaksne
  • Har tolmod
  • Ønske om å bidra positivt i arbeids- og barnehagemiljøet vårt

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre arbeidsvilkår
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale, med utgangspunkt i gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • Me gjer merksam på at i offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentlegjort om sjølv om du har oppmoda om ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før sølkjarlista vert offentleg gjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

Del på:

Referansenummer:

25/2635

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

28.09.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Luster kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusvegen 1 6868 Gaupne

Kart: