Luster kommune - Gaupne barnehage

Styrar

Frå 01.08.2022 vert det ledig fast stilling som 100 % styrar ved Gaupne barnehage. Dette er ein av dei mest spennande barnehagestillingane i region Sogn. Som styrar vil du verta del av ein veldriven og utviklingsretta barnehage, du vil vera saman med eit stort og engasjert personale, møta flotte og unike barn og utgjera eit leiarteam saman med assisterande styrar. Styrar er også del av leiarkollegiet i oppvekstsektoren i Luster. Leiarkollegiet har regelmessige møte. 

Gaupne barnehage er den største barnehagen i Luster kommune og vil frå hausten ha seks avdelingar med kapasitet på 132 barnehageplassar. Barnehagen har inneverande år ei bemanning på 24,2 årsverk. Den sjette avdelinga og ny personalavdeling er under utbygging og vil stå klar til barnehagestart i august. Bygget er elles frå 2011 og moderne. Uteområdet vil også vera renovert før nytt barnehageår. Elles ligg barnehagen nær friluftsområde, skog og eigen naturleikeplass med sanitærforhold. Fysisk aktivitet og friluftsliv er viktig for Gaupne barnehage.

Barnehagen har arbeidt systematisk med det kommunale prosjektet psykisk helsefremjande barnehagar og COS over fleire år, har delteke som tiltaksbarnehage i forskingsprosjektet ACTNOW og er praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Arbeid med  inkludering og språkutvikling står sentralt, ikkje minst fordi barnehagen har fleire minoritetsspråklege barn. Det komande barnehageåret vil Gaupne barnehage delta i eit pilotprosjekt om auka grunnbemanning.

Som styrar har du hovudansvaret for at heile barnehagen er ei trygg, innhaldsrik og målretta verksemd. Me kan tilby ein variert arbeidsdag med interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • dagleg fag- og driftsansvar
  • personalansvar
  • budsjett- og resultatansvar
  • ansvar for å leia barnehagen i samsvar med lover, avtaleverk og rammeplan
  • samarbeide med andre barnehagar og Oppvekst om felles utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • utdanning som barnehagelærar, eventuelt anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
  • styrar-/leiarutdanning er ein fordel, men det er ikkje noko formelt krav
  • erfaring frå styrarstilling er ønskeleg
  • kjennskap til COS er ønskeleg
  • gode leiareigenskapar
  • god økonomiforståing
  • gode digitale ferdigheiter
  • den tilsette må leggja fram politiattest, jf. barnehagelova § 30

Personlege eigenskapar

  • faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med
  • eit reflektert pedagogisk grunnsyn
  • gode kommunikasjons- og formidlingsevner
  • relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • løysingsorientert og fleksibel
  • høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • likar nye utfordringar og arbeider godt under press

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Del på:

Referansenummer:

22/3050

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.05.2022

Tiltreding:

01.08.2022 / Etter avtale

Arbeidsstad:

Gaupne barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Gardavegen 90 6868 Gaupne

Kontorlokalisering: