Du søkjer på stillinga
Kommunedirektør
Våre personvernvilkår
Føremålet med Easycruit er å forenkle rekrutteringsprosessen til Luster kommune og mogeleggjere effektive vurderingar av kommunikasjon med søkjarane i samband med dette. Som ein del av bruken av Easycruit tek Luster kommune imot personopplysingar frå søkjarane. Luster kommune handsamar slike personopplysingar som ein del av vurderinga av søkjaren sine ferdigheiter og evner og om vedkommande eignar seg for den utlyste stillinga.
Rettsgrunnlaget for handsaming av personopplysingar er at søkjarane samtykkjer i slik handsaming som ein del av søknaden på stillinga, der søkjaren vel kva slags personopplysingar vedkommande bestemmer seg for å dele med Luster kommune i samband med dette, til dømes ved å bruke funksjonen for opplasting frå Google eller Dropbox. Ver merksam på at søkjarane har rett til å trekkje attende dette samtykket når som helst.
Luster kommune er datakontrollør for handsaminga av personopplysingar om søkjarar, og alle spørsmål om personvern kan rettast til Luster kommune. Personopplysingane blir handsama for å kunne levere, utføre og utvikle tenestene.
Easycruit er ei skyteneste som er utvikla av Visma. Dermed kan Visma-konsernselskap og deira underleverandørar av IT-tenester få tilgang til personopplysingar om søkjarar som ein del av drifta av tenesta. Alle underleverandørar er underlagt datahandsamingsavtale for å sikre personvern i samsvar med standarden som følgjer av gjeldande personvernlovgjeving (GDPR frå 25. mai 2018), og underleverandørar utanfor EU er underlagt overføringsmekanismar som er godkjende av EU-kommisjonen.
Personlege data om søkjarar blir handsama i Easycruit under rekrutteringsprosessen og i det omfanget som er naudsynt for å oppfylle lovmessige krav. Søkjarane kan nytte funksjonane for profilredigering i Easycruit-kontoane sine til å slette, laste opp og redigere informasjon.
Søkjarane kan til ei kvar tid ta kontakt med Luster kommune for å utøve retten til tilgang, retting eller sletting av personopplysingar, eller for å avgrense handsaminga som er knytt til søkjaren, eller for å motsetje seg handsaminga, i tillegg til retten til dataflyttbarheit. Søkjarane har også rett til å sende klage til datatilsynsmyndigheitene med omsyn til handsaminga av personopplysingane.
Krav om innsyn, retting, dataportabilitet, og andre førespurnader kan du sende til:
Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne.
E-post: postmottak@luster.kommune.no
Allereie registrert?
Eg aksepterer hermed personvernvilkåra
Allereie registrert CV-en din hos oss?
Dersom du alt har lagt inn ein CV i databasen vår, kan du bruke denne ved å logge inn nedanfor.
Dersom du ikkje har registrert CV går du vidare ved å trykke på "Neste" nederst på sida.
Brukarnamn:
Passord:
Sida opnast i eit nytt vindauge
Kor lengje kan me oppbevare søknaden din?
Kor lengje kan me oppbevare søknaden din?