Luster kommune Oppvekst

Områdevikar barnehage

Vil du vere ein viktig vaksen i kvardagen til barn?
 

Me har stort behov for fleire dyktige medarbeidarar i barnehagane våre. Som områdevikar får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til tryggleik, omsorg og gode opplevingar for barn i fleire av kommunen sine barnehagar.

Dette er ein spennande jobb for deg som trivst saman med barn, er fleksibel og ønskjer å gjere ein forskjell der behovet er størst.

Stillingsinformasjon

Som områdevikar blir du ein del av fellesskapet i fleire av kommunen sine barnehagar. Du får ikkje fast oppmøtestad, men arbeider i den barnehagen der behovet til ei kvar tid er størst.

  • Inntil 100 % fast stilling som områdevikar i barnehagane
  • Arbeidstid på dagtid
  • For inneverande barnehageår er oppmøtestad Skjolden
  • Køyring til annan barnehage enn oppmøtestad blir godtgjort etter gjeldande reglar
  • Du må kunne disponere eigen bil

Kvalifikasjonar

  • Arbeidserfaring frå barnehage er ønskjeleg, men ikkje krav
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar tel positivt, men er ikkje eit krav
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kven ser me etter?
Du er ein person som:

  • er ein trygg og ansvarsbevisst vaksen
  • likar å vere saman med barn og bidra til leik, utvikling og læring
  • byggjer gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer
  • er fleksibel og trivst med varierte arbeidsdagar
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre arbeidsvilkår
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale, med utgangspunkt i gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • Me gjer merksam på at i offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentlegjort om sjølv om du har oppmoda om ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før sølkjarlista vert offentleg gjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

Del på:

Referansenummer:

26/3507

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

22.11.2026

Tiltreding:

Snarast mogleg

Arbeidsstad:

Luster kommune

Adresse:

Rådhusvegen 1 6868 Gaupne

Kart: