Sommarjobb for ungdom - FriMoro og sommarferieaktivitetar
Luster kommune og Luster frivilligsentral arrangerer i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar FriMoro og sommaraktivitetar for barn og unge i 2026.
Me legg vekt på meistring, samhald, glede og nye opplevingar!
• Me har 12 stillingar som inneber fem heile dagar med jobb.
• Aktivitetane vert arrangert 22.- 26. juni (Planleggingsdag 22. juni, FriMoro 23. og 24. juni, aktivitetsdagar i Gaupne og på Hafslo 25. og 26. juni)
For å gje eit variert tilbod treng me engasjerte og ansvarlege ungdomar som likar å arbeide med barn og unge.
Du vil få konkrete arbeidsoppgåver, til dømes:
- Rydding/rigging før og etter aktivitet
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar
- Rolle som gruppeleiar
- Matlaging
Ungdomar tilhøyrande Luster kommune vil bli prioritert.
Vil du vere med? Send oss ein søknad!
Politiattest må leverast for ungdom over 15 år
Me ser etter deg som:
• Er over 13 år
• Ønskjer å bidra til gode opplevingar for barn og unge
• Likar å vere i aktivitet saman med andre
Del på:
Referansenummer:
26/1363
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Tilkalling
Søknadsfrist:
03.05.2026
Tiltreding:
22.06.2026
Arbeidsstad:
Gaupne/Hafslo
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.luster.kommune.no/Adresse:
Rådhusvegen 1 6868 Gaupne