Barnehagelærar
Vil du jobbe som barnehagelærar i bygda under breen? No har du sjansen! Jostedal barnehage treng barnehagelærar.
Stillingsinformasjon:
- 80-100% vikariat som barnehagelærar i tida 01.08.26-31.12.26
Kvalifikasjonar:
- Barnehagelærarutdanning
- Relevant erfaring er ynskjeleg
Personlege eigenskapar me legg vekt på:
- Glad i barn
- Oppteken av leik
- Likar å vere ute i all slags vêr
- Tydeleg i kommunikasjon med barn og vaksne
- Ynskjer å utvikle deg som fagperson og menneske
Me kan tilby:
- Fokus på leik i barnehagen!
- Godt arbeidsmiljø med to andre pedagogar og tre fagarbeidarar i kollegiet, i tillegg til skule- og sfo-kollegiet ved Jostedal oppvekstsenter
- Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
- Gode leikemiljø som inviterer til leik inne og ute
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar:
- Tilsett må levere politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Referansenummer:
26/1027
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
26.04.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Jostedal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Krekane 78 6871 Jostedal