Sjukepleiar / vernepleiar / helsefagarbeidar
Gaupne omsorgssenter ligg sentralt plassert i Gaupne sentrum. Tilsette yter tenester til bebuarar på omsorgsplass, korttidsavdelinga (KA) og heimebuande i Gaupne og Jostedal.
Stillingsinformasjon
- Vikariat 100 % sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar frå 20.04.26-24.01.27
- 2 delt turnus
- Stillinga er for tida i heimetenesta
- Jobb kvar 3.helg
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar eller vernepleiar med positivt engasjement for sjukepleiefaget
- Helsefagarbeidarar kan også bli vurderte
- Du må ha førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å utøve klinisk sjukepleie som sikrar god fagleg kvalitet der brukarane sine behov- og rettar vert godt ivareteken både på omsorgsplass og KA.
Me legg vekt på
- Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
- Fleksibilitet
- Løysingsorientering
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Meiningsfulle, varierte og fagleg spanande arbeidsoppgåver
- Årsturnus med moglegheit for individuell tilpassing av turnus
- Gode moglegheiter for å bidra til utvikling av tenestetilbodet
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Referansenummer:
26/1003
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse & Omsorg
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
12.04.2026
Tiltreding:
20.04.2026 / Etter avtale
Arbeidsstad:
Gaupne
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Øyagata 17 6868 Gaupne