Barnehagelærar
Hafslo barnehage har 60 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Det er ca. 15 tilsette i barnehagen.
Vi legg stor vekt på overgangar i barna sine liv. Det å byrje i barnehagen eller på ny avdeling, den gode trygge starten. Vi har eit tett samarbeid med skulen og den andre barnehagen i bygda med fokus på overgang til skulen. Barnehagen har tradisjonar som har vore med oss i mange år, men er også opptekne av å fornye oss i forhold til endringar i samfunnet. Vi er opptekne av god tilrettelegging for alle barn. Vårt satsingsområde er ASK (alternativ supplerande kommunikasjon).
Stillingsinformasjon
- Inntil 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2026
- 60 % vikariat i tida 01.08.2026-01.04.2027
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning som barnehagelærar
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
- gode samarbeidsevner
- ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både barn, foreldre og medarbeidarar
- oppteken av å lære nytt og bidra med eigen kunnskap inn i barnehagen
- likar å leike
Då menn er underrepresentert hjå oss, vert menn oppfordra til å søkja.
Me kan tilby
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
- Den som vert tilsett må legga fram politiattest av nyare dato
- Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervjuAdministrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Referansenummer:
26/908
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
06.04.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Hafslo
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Nedstevegen 16 6869 Hafslo