Luster kommune - Veitastrond oppvekstsenter

Barnehagelærar

Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule, som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper.

Barnehagen har éi avdeling med kapasitet på 24 plassar, og per dags dato er det fem tilsette, i tillegg til styrar. Frå barnehageåret 2026/27 reknar me med å ha 12 ungar mellom 1-5 år. Barnehagen deler bygg med skulen og SFO. Det er mykje samarbeid mellom barnehage og skule, blant anna lesing, tur, spesielle dagar som t.d. påske, karneval, skidag og liknande, og me sikrar slik ein flytande overgang frå barnehagebarn til skuleelev. Elles satsar barnehagen på å skapa ein aktiv kvardag for barna, der me er opptekne av vaksenrolla i leiken.

Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me  er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet.

 Stillingsinformasjon:

  • Inntil 100% fast stilling som barnehagelærar

 Kvalifikasjonar:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:

  • Gode samarbeidsevner
  • Relasjonskompetanse
  • Løysingsorientert
  • Tydeleg vaksenperson, som både er omsorgsfull og kan setja grenser
  • Engasjement for, og evne til, å samarbeida med barn, kollegaer og føresette for å skapa eit trygt og godt barnehagemiljø
  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • Likar leik og aktivitet

Me kan tilby

  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

26/907

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

06.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Veitastrond

Kontaktpersonar:

Adresse:

Veitastrondsvegen 2252 6878 Veitastrond

Kart: