Skjolden oppvekstsenter

Fagarbeidar

Om Skjolden oppvekstsenter

Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med unikt utsyn utover Lustrafjorden. Det er kort veg til møteplassen i bygda, Fjordstova, som har symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.  

Skulen er fådelt med aldersblanda klassar. Inneverande skule- og barnehageår er det 21 elevar på 1.-5. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga er under ombygging dette halvåret for å kunne utvide til to barnehageavdelingar og gjev også betre fasilitetar for barnehagepersonalet.   

Både barnehagen og skulen brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS, tryggleikssirkelen, med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte». 

Stillingsinformasjon

  • Ledig fast 100 % stilling som fagarbeidar ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.08.2026

Kvalifikasjonskrav

  • barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt anna relevant utdanning
  • erfaring frå barnehage er ønskeleg
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • kan jobbe systematisk og målretta
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • eit reflektert pedagogisk grunnsyn
  • har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • takle høgt arbeidspress

Me kan tilby

  • Naudsynt opplæring i administrative verktøy som kommunen nyttar, vil bli gitt
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Den tilsette må legge fram politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit



Del på:

Referansenummer:

26/301

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

08.02.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Skjolden

Kontaktpersonar:

Adresse:

Bolstadvegen 7 6876 Skjolden

Kart: