Helsefagarbeidar
Stillingsinformasjon:
- Det er ledige faste stillingar som helsefagarbeidar ved Gaupne omsorgssenter frå 26.01.26 eller etter avtale
- Stilllingane har ulik stillingsstorleik, 80 -100%
- Stillingane inngår i tredelt turnus og arbeid på helg. Nokre stillingar har arbeid kvar 4.helg med langvakter og nokre stillingar har arbeid kvar 3.helg.
- Tilsette ved Gaupne omsorgssenter yter tenester til omsorgsplassar, heimebuande i Gaupne og Jostedal og korttidsavdelinga. Stillingane er hovudsakleg på omsorgsplass, men det kan vera aktuelt med deler av stilling på korttidsavdeling eller ut i heimetenesta
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjendt helsefagarbeidar
- Førarkort kl B
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert
- Personlege eigenskapar vert vektlagde
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla
Del på:
Referansenummer:
25/2913
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse & Omsorg
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
02.11.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Gaupne
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Øyagata 17 6868 Gaupne