Luster kommune - Hafslo barne- og ungdomsskule

Tilkallingsvikar i skule og SFO

Skulen vår ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet, er ein 1-10 skule med rundt 220 elevar. I SFO er det 72 born, 12 tilsette og ein SFO-koordinator. Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen og SFO har lett tilgjenge til. Me meinar at samarbeid i team gjev dei beste resultata for å skape motivasjon, trivsel og læring. Me treng fleire tilsette som brenn for det same som oss, og vil vere med på å skape ein god arbeidsplass. 

«Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø»

Stillingsinformasjon:

  • Hafslo barne- og ungdomsskule treng tilkallingsvikarar i skule og sfo

Arbeidsoppgåver: 

  • Undervisning på både barne- og ungdomsskule og utføre oppgåver i tråd med gjeldande regelverk
  • Assistent eller miljørettleiar for elevar med særskilde behov i skule 
  • Assistent eller miljørettleiar på SFO 

Aktuelle kompetansekrav:

  • Relevant høgskuleutdanning, fagarbeidar innan barne- og ungdomsarbeid, anna relevant utdanning
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Me ser etter personar som tek initiativ, er positive og inkluderande, ser elevane og er med dei, tek ansvar og som tenkjer heilskapleg omkring elevutfordringar

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:

  • Gode samarbeidsevner, tek initiativ og ansvar, positiv og inkluderande
  • Ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov
  • Vere fleksible og skape gode relasjonar til både barn, foreldre og kollegaer
  • Likar å vera ute og ha ein aktiv kvardag
  • Bidra til at skule og sfo er ein god stad å vere

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju
  • Tilsetjingar vil skje fortløpande

Del på:

Referansenummer:

25/3602

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Tilkalling

Tiltreding:

Snarast mogleg

Arbeidsstad:

Hafslo

Kontaktpersonar:

Adresse:

Tangvegen 7 6869 Hafslo

Kart: