
Prosjektleiar BuLust
Stillingsinformasjon:
Ønskjer du å vere med på å vidareutvikle bygdene i Luster kommune til eit levande og innovativt samfunn? Me i Luster set i gong BuLust – eit treårig bustad- og tilflyttingsprosjekt for bulyst i Luster, og leitar etter prosjektleiar i 100% stilling som kan utvikle og leie prosjektet.
Om stillinga og prosjektet:
Luster etablerer eit treårig bustad- og tilflyttingsprosjekt som har fått namnet BuLust, ei kortform av bulyst i Luster. Luster har tidlegare hatt vellukka prosjekt med å få omsett både gardsbruk og tomme hus. Dette er erfaring som ein tek med seg inn i det nye prosjektet, men målet er samstundes å tenke heilskapleg på heile kommunen.
Gjennom BuLust er målet å jobbe med:
- Betra tettstadsutvikling
- Få omsett eksisterande bustadmasse som er lite nytta
- Få omsett ledige tomter
- Vurdere om det er marknad for nye bukonsept, eventuelt transformasjon av ledige bygg
Prosjektleiar skal jobbe i samspel med anna utviklingsarbeid, mellom anna Helse og omsorg 2030. BuLust vil og få ansvar for oppfølging av prosjekt samarbeid om bustadutvikling i Luster kommune, som er støtta av Husbanken.
BuLust skal jobbe med delprosjekt og konsept for ulike grupper. og behov. Unge som skal busetje seg og stifte familie i Luster er på utkikk etter noko anna enn seniorar som planlegg for eigen alderdom. For nokon er gardslivet draumen, eller kanskje mikrohus eller mindre leilegheiter med større fellesareal og fellesskap i kvardagen. Nokre ønskjer å busetje seg i ei av bygdene/grendene utan å eige gard, andre ser dei større bygdene med tydelegare sentrumsfunksjonar innan gangavstand, som løysinga på sine bustadbehov.
BuLust vert etablert som eit prosjekt for å fremje busetjing og bulyst i Luster kommune. Gjennom prosjektet er målet å auke busetjinga i heile kommunen, redusere tal tomme hus og marknadsføre bu- og livskvalitetane i Sogn og Luster.
Prosjektleiar vil bli tilsett i ei treårig prosjektstilling, organisert i avdelinga næring og natur, på fagområde næring- og samfunnsutvikling.
Om avdelinga: Avdelinga næring og natur omfattar fagområda:
- landbruk og naturforvaltning
- verdsarv og kulturarv
- næring- og samfunnsutvikling.
Her har me dedikerte fagansvarlege for kvart område og ein avdelingsleiar som legg til rette for samarbeid og utvikling.
Arbeidsoppgåver:
- Utarbeide og gjennomføre prosjektplan som bidreg til å nå måla for BuLust
- Bidra til meir heilskapleg innsats for kommunen på bustadfeltet
- Aktiv kontakt og dialog med bygdalag og andre lag og organisasjonar i kommunen
- Samarbeid med relevante nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt.
- Bidra i plan- og prosjektprosessar internt
- Samarbeid med Husbanken
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning
- Ønskje om dokumentert erfaring og resultat frå prosjektarbeid
- Relevant erfaring frå offentleg og/eller privat sektor
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
- Kompetanse/erfaring frå relevant lovverk som plan- og bygningslova, eigedomsjus og landbruk vil kunne telje positivt
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar :
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
- Grunna ferieavvikling er kontaktperson for stillinga å nå på telefon frå 31.07 og fram til søknadsfrist
Del på:
Referansenummer:
25/2220
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Administrasjon
Stillingstype:
Prosjekt
Søknadsfrist:
17.08.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Gaupne
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://www.luster.kommune.no/Adresse:
Rådhusvegen 1 6868 Gaupne