
Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Oppvekstsenteret ligg idyllisk til i hjartet av bygda, godt skjerma frå fylkesvegen med natur og skog som nærmaste nabo. Me er aktive brukarar av uteområdet vårt, inkludert nærliggjande skogområde som oppvekstsenter vårt disponerer. Dette gir barna våre unike moglegheiter for utforskande leik og aktivitetar. Me verdset samarbeidet med skulen og som eit aktivt oppvekstsenter har me gode føresetnader for å skapa eit trygt og stimulerande miljø for barn og elevar.
Me søkjer ein barnehagelærar/pedagogisk leiar til den veksande barnehagen vår på Indre Hafslo. Som ein del av vårt engasjerte team vil du spela ei sentral rolle i omsorg, leik og utvikling for dei 37 borna våre. Oppvekstsenteret vårt er i positiv utvikling, og me er nettopp flytt inn i nytt barnehagebygg i år som me er veldig stolte av. Nye lokaler og etterkvart nytt utområde skapar spennande moglegheiter for både tilsette og barn. Barnehagen vår er heimen til to avdelingar, "Perle" for dei minste og "Bruse" for dei eldste.
Høyrest dette spennande ut? Synest du det er gjevande å arbeide med barn i deira viktigaste utviklingsfase? Er du ein person som deler entusiasmen vår for å skapa eit trygt og inspirerande miljø for barna våre? Då er det nettopp deg me ynskjer som søkjar hjå oss!
Stillingsinformasjon
- Me lyser ut inntil 100 % midlertidig stilling som barnehagelærar/pedagogisk leiar
- Oppstart: Tilsetjing vert gjort fortløpande etter avtale
- Stillinga varer inntil 31.07.2026
Arbeidsoppgåver
Som tilsett ved Indre Hafslo barnehage vil du ha varierte og spennande oppgåver knytt til planlegge og organisering av kvardagen og aktivitetar for barnehagen, avdeling og aktivitetsgruppe, oppfølging av barn i dialog med føresette, omsorg, leik og læring for barna i barnehagen.
Hovudoppgåvene dine vil inkludera, men er ikkje avgrensa til:
- Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- Fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen
- Bidra til eit trygt og stimulerande læringsmiljø for barna
- Delta aktivt i samarbeid med kollegaer, foreldre og føresette
- Utføre daglege rutineoppgåver og gi omsorg til barna i samsvar med gjeldande retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner for å kunna samhandla effektivt med barn, kollegaer og føresette
- Evne til å samarbeida godt i team og arbeida sjølvstendig når nødvendig
- Det er ein nasjonal satsing for å få fleire menn i barnehagane, difor vert menn vert oppmoda om å søkja
Me legg vekt på
- Me verdset medarbeidarar med gode kommunikasjon- og samarbeidsevner som evna til å arbeida sjølvstendig og som del av eit team
- Tidlegare erfaring frå barnehage og oppvekst
- Gode digitale evner
- Personlege eigenskapar
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Referansenummer:
25/2186
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
10.08.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Indre Hafslo
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Lambhaug 144 6873 Marifjøra