
Lærar
Luster oppvekstsenter ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområde nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar og høve til utvikling.
Vår skule har elevar i 1.-7.trinn, og dei er fordelt på tre klassar. Elevtalet ligg rundt 45 elevar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, elevmedverknad, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 20 tilsette ved oppvekstsenteret, ca.11 av dei i skulen.
Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.
Stillingsinformasjon
- Ledig inntil 200% vikariat som lærar i tida 01.08.2025-31.07.2025
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning som lærar for trinn 1-7
- Fagønskje: norsk, matematikk, gjerne spesialpedagogikk. Må vera budd på å undervise i alle fag
- Tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar som vert vektlagde
- auge for det einskilde barn
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- har god fagleg kompetanse saman med barn både ute og inne
- gode samarbeidsevner
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
- kjenner seg heime i visjonen vår
- ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
- evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Referansenummer:
25/1815
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
15.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Luster
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Lustravegen 3300A 6872 Luster