
Fagleiar
Omsorgstenesta i Luster kommune har fem tenesteeiningar. Ei av desse er Luster omsorgssenter med 30 sjukeheimsplassar, arbeidsstove/dagtilbod, 18 omsorgsbustadar - og tenester til heimebuande i indre delar av kommunen. Eininga har for tida 44 årsverk og 56 tilsette. Omsorgssenteret ligg naturskjønt ved Lustrafjorden, og er kjend for å yte gode tenester.
Stillingsinformasjon:
- Me søker ein motivert medarbeidar til 100% stilling som fagleiar
Hovudoppgåver:
- Fagleg oppfølging og fagutvikling
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift
- Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar
- Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø
- Oppfølging av studentar, elevar og lærlingar
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- Relevant praksis/arbeidserfaring
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, fleksibilitet, arbeidskapasitet og struktur
- Det vert stilt krav om politiattest
Kommunen kan tilby:
- Arbeid i ein veldrive kommune med gode- og sikre rammevilkår
- Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
- Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode og sikre kommunale vilkår
- Løn etter avtale
Andre opplysningar:
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet EasyCruit
- Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Sjekk søppelpost om du ikkje finn den i innboks
- Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast på førespurnad
- I søknadsskjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dette må grunngjevast. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan verta offentleggjorde jf. offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand
- Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju
Del på:
Referansenummer:
25/1735
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse & Omsorg
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
15.06.2025
Tiltreding:
Snarast mogleg / Etter avtale
Arbeidsstad:
Luster
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Dalsdalen 1 6872 Luster