Luster kommune Folkehelse

Sommarjobb for ungdom - FriMoro og sommarferieaktivitetar

Luster kommune og Luster frivilligsentral skal i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar arrangere FriMoro og sommaraktivitetar for barn og unge i 2025. Me legg vekt på meistring, samhald, glede og nye opplevingar! 

  • Me har 12 stillingar som inneber fem heile dagar med jobb.
  • Aktivitetane vert arrangert 23.-25. juni og 11.-13. august.

For å gje eit variert tilbod treng me engasjerte og ansvarlege ungdomar som likar å arbeida med barn og unge. Du vil få ansvar og konkrete oppgåve. Det kan vere å rydde/rigge før og etter aktivitet, lage mat, bidra i gjennomføring av aktivitetane med meir! Ungdomar tilhøyrande Luster kommune vil bli prioritert.

Vil du vere med? Send oss ein søknad!!

Me ser etter deg som

  • er over 13 år
  • ønskjer å bidra til at barn og unge får ei god oppleving
  • likar å vere i aktivitet saman med andre
  • er motivert for å samarbeide

Alle som takkar ja vil få tilbod om rettleiing i korleis registrere seg som nytilsett, søke om politiattest mm. Du må søke om og levere politiattest av ny dato før oppstart.

Har du spørsmål til utlysinga kan du ta kontakt med benedikte.nergaard@luster.kommune.no

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Tilkalling

Søknadsfrist:

25.05.2025

Tiltreding:

23.06.2025

Arbeidsstad:

Gaupne/Hafslo

Adresse:

Rådhusvegen 1 6868 Gaupne

Kart: