
Lærar
Om Skjolden oppvekstsenter
Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.
Inneverande skuleår er det 32 elevar på 1.-7. trinn. Skulen er tredelt, dvs. tre klassar. Barnehagen har dette barnehageåret 24 barnehagebarn. Det er 15 tilsette ved oppvekstsenteret, fordelt på om lag 10 årsverk barnehage, SFO og skule. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium.
Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa.
Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Stillingsinformasjon:
- Inntil 180 % fast stilling som lærar frå 01.08.2025
Kvalifikasjonar:
- Pedagog med kompetanse 1.-7.trinn
- Fagynskje: Første lese- og skriveopplæring, spesialpedagogikk
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
- Gode samarbeidsevner
- Kan jobbe systematisk og målretta
- Vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- Eit reflektert pedagogisk grunnsyn
- Har høg arbeidskapasitet, gjennomføringsevne, taklar stress og er løysingsorientert
- IKT-kompetanse
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Referansenummer:
25/1589
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
21.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Skjolden
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Bolstadvegen 7 6876 Skjolden