Luster kommune - Verdsarv

Verdsarvkoordinator

Urnes stavkyrkje er eigd av Fortidsminneforeininga. Den vart lagt inn på verdsarvlista i 1979, som den første norske representanten i lag med Bryggen i Bergen. Ein buffersoneplan rundt verdsarvminnet er vedteken.

Stillinga som verdsarvkoordinator er lagt til Luster kommune.


Stillingsinformasjon

Me har ledig 100 % fast stilling som verdsarvkoordinator for verdsarven Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område. Oppstart etter avtale.  

 

Arbeidsoppgåver

  • Verdsarvkoordinator si hovudoppgåve er å identifisere, verne og forvalte verdsarven sin store universelle verdi, og arbeide for at verdiane i og rundt verdsarven vert ivaretekne.
  • Verdsarvkoordinator sine næraste samarbeidspartnarar er lokale grende- og bygdelag, Fortidsminneforeininga, Luster kommune, Vestland fylkeskommune og Riksantikvaren.

Andre aktuelle oppgåver:

  • Medverke til, og vere pådrivar og støttespelar for ei utvikling som både tek i vare verdsarvkvalitetane og medverkar til ei utvikling i området - i tråd med intensjonen for verdsarv.
  • Identifisere, beskytte og forvalte naturarv og andre verdiar som stør opp om Verdsarven.
  • Vere kontaktpunkt for verdsarven Urnes stavkyrkje, og syte for eit aktivt kontaktnettverk. Det inneber å involvere ressurspersonar og kompetansemiljø lokalt, nasjonalt og internasjonalt som er viktig for oppfølginga av verdsarven og regionen.
  • Vere sekretariat for Verdsarvrådet for Urnes og tilhøyrande områder, og utgreie, iverksette og følgje opp vedtak, samt organisere møte med eigarar og interessepartar.
  • Koordinere og bidra inn til den periodiske rapporteringa til UNESCO.
  • Arbeide for å gjere verdsarvverdiane kjent og at statusen vert nytta til beste for Ornes og kringliggande område.
  • Delta i nasjonale og internasjonale nettverk for verdsarvkoordinatorar.
  • Ha oversikt over sentrale oppgåver i- og rundt verdsarvområdet, arbeid som vert gjort og kva rollar dei ulike aktørane har.
  • Bidra i arbeid med å løyse aktuelle problemstillingar og identifisere moglege trugsmål mot verdsarven.
  • Andre oppgåver definert av Riksantikvaren for statleg finansierte verdsarvkoordinatorar.

 Kvalifikasjonar

  • Søkjarar bør ha høgare utdanning (hovudfag/mastergrad) innafor relevant fagområde, til dømes kultur- og historiefag, arealplanlegging og pedagogikk. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning på masternivå.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kulturminne- og naturforvaltning
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå utviklingsarbeid og prosjektleiing/ prosjektarbeid
  • Det er ønskjeleg med forvaltningserfaring
  • Kjennskap til verdsarvarbeid er ein føremon
  • Søkjarar må meistre nynorsk skriftleg og engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Del på:

Referansenummer:

25/918

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Administrasjon

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

06.04.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Gaupne

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusvegen 1 6868 Gaupne

Kart: