
Fagansvarleg næring- og samfunnsutvikling
Ønskjer du å vere med på å utvikle Luster kommune til eit levande og innovativt samfunn? Me i Luster satsar på nærings- og samfunnsutvikling, og me treng ein engasjert og erfaren fagansvarleg som kan bidra til å utvikle framtida!
Stillingsinformasjon
- Ledig 100 % fast stilling som rådgjevar med fagansvar for næring- og samfunnsutvikling.
- Som fagansvarleg for næring og samfunnsutvikling hjå oss vil du få ei sentral rolle i å forvalte støtteordningar som tilskot og lån.
- Du vil arbeide for å skape ei positiv utvikling av næringslivet vårt og lokalsamfunnsutvikling, der distriktsinnovasjon er eit av våre viktigaste satsingsområde i kommuneplanen.
- Du vil jobbe tett med næringsverksemder, og samarbeide med ulike delar av kommuneorganisasjonen for å skape eit inkluderande og utviklande næringsmiljø. Om du har interesse for utviklingsarbeid og erfaring frå tilsvarande arbeid, er dette stillinga for deg!
Om avdelinga: Avdelinga næring og natur omfattar fagområda:
- landbruk og naturforvaltning
- verdsarv og kulturarv
- næring- og samfunnsutvikling.
Her har me dedikerte fagansvarlege for kvart område og ein avdelingsleiar som legg til rette for samarbeid og utvikling. Organisering av avdelinga og fordeling av arbeidsoppgåver kan bli justert.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av næringssaker
- Aktiv kontakt og dialog med næringslivet i kommunen
- Samarbeid med nabokommunar, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
- Deltaking i utviklingsprosjekt og oppgåver
- Arbeidsoppgåver kan verte endra etter behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning
- Praktisk erfaring frå offentleg og/eller privat sektor
- God kjennskap til offentleg forvaltning
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Søkjar må disponere eigen bil i tenesta
Me legg vekt på
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Referansenummer:
25/917
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Administrasjon
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
06.04.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Gaupne
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://www.luster.kommune.no/Adresse:
Rådhusvegen 1 6868 Gaupne