Luster kommune - Grandmo miljøteneste

Helsefagarbeidar

Grandmo miljøteneste er eit butilbod for menneske med nedsett funksjonsevne. Grandmo har 12 moderne og nye bustadar som ligg sentralt i Gaupne.  Me ønsker å skape gode og aktive dagar for brukarane som bur på Grandmo og dei som bur i eigne bustadar knytt til miljøtenesta. 


Stillingsinformasjon:

  • 85 % fast stilling
  • 80 % vikariat i tida 01.04.25-31.07.25
  • Arbeid i turnus med langvakter, arbeid kvar 4.helg

 Arbeidsoppgåver:

  • Individuell oppfølging av tenestemottakarar ut frå enkeltvedtak 
  • Miljøterapeutiske oppgåver
  • Helsehjelp i heimen
  • Samarbeid med andre instansar og pårørande

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend hjelpepleiar/autorisert helsefagarbeidar, andre med relevant erfaring innan fagfeltet kan bli vurderte 
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og me søker ein person som:
    • likar å samarbeide med andre i team, men som og kan arbeide sjølstendig
    • likar utfordrande oppgåver og legg til rette for aktive dagar med brukar
    • kan skape ein god og trygg kvardag for brukarane
    • er påliteleg, fleksibel, positiv og trygg i arbeidsrolla

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Tilsett må leggje fram politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

25/891

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Gaupne

Kontaktpersonar:

Adresse:

Øyagata 20A 6868 Gaupne

Kart: