Luster kommune Grandmo miljøteneste

Vernepleiar

Grandmo miljøteneste er eit butilbod for menneske med nedsett funksjonsevne. Grandmo har 12 moderne og nye bustadar som ligg sentralt i Gaupne.  Me ønsker å skape gode og aktive dagar for brukarane som bur på Grandmo og dei som bur i eigne bustadar knytt til miljøtenesta. 

 Stillingsinformasjon

  • 100 % fast stilling
  • 100 % vikariat i tida 01.04.25-31.03.26
  • Arbeid i turnus med langvakter,  arbeid kvar fjerde helg

  Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av tenestemottakarar ut frå enkeltvedtak
  • Miljøterapeutiske oppgåver
  • Dokumentasjon
  • Helsehjelp i heimen
  • Samarbeid med andre instansar og pårørande 

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med vernepleiarutdanning
  • Søkjarar med anna 3-årig helse/sosialfagleg utdanning eller relevant erfaring innan fagfeltet kan bli vurderte
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og me søker ein person som:
    • likar å samarbeide med andre i team, men som og kan arbeide sjølvstendig
    • kan skape ein god og trygg kvardag for brukarane
    • likar utfordrande oppgåver og legge til rette for aktive dagar med brukar
    • er påliteleg, fleksibel, positiv og trygg i arbeidsrolla

 Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
  • Arbeid i ei god teneste med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Gode moglegheiter for leiarutvikling
  • Gode arbeidsvilkår med kommunale pensjons- og forsikringsordningar   
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Tilsett må legge fram poitiattest
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet EasyCruit
  • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
  • Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast på førespurnad
  • I søknadsskjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dette må grunngjevast. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan verta offentleggjorde jf. offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand
  • Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/890

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Gaupne

Kontaktpersonar:

Adresse:

Øyagata 20A 6868 Gaupne

Kart: