
Einingsleiar
Omsorgstenesta i Luster kommune har fem tenesteeiningar. Ei av desse er Luster omsorgssenter med 30 sjukeheimsplassar, arbeidsstove/dagtilbod, 18 omsorgsbustadar - og tenester til heimebuande i indre delar av kommunen. Eininga har for tida 44 årsverk og 56 tilsette. Einingsleiar er del av leiarkollegiet i omsorgstenesta, som har regelmessige møte.
Luster omsorgssenter ligg naturskjønt ved Lustrafjorden i bygda Luster, og er kjend for å yte gode tenester.
Stillingsinformasjon:
- 100 % fast stilling som einingsleiar
Oppgåver:
- Einingsleiar med samla ansvar for tenesteyting, økonomi og personale
- Utøve eit tydeleg, synleg og inspirerande leiarskap
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av drifta
- Systematisk arbeid for gode tenester og eit godt arbeidsmiljø
- Sikre god og føremålstenleg bruk av ressursar innanfor tildelte rammer
- Kontinuerleg og systematisk arbeid med fag- og tenesteutvikling
Kvalifikasjonar:
- Relevant helsefagleg utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå
- Det er ein fordel med leiarerfaring og/eller vidareutdanning i leiing/administrasjon
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evna til samarbeid, tydeleg leiing, fleksibilitet, arbeidskapasitet, struktur og gjennomføringsevne
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjarar må ha førarkort for personbil og det vert stilt krav om politiattest
Kommunen kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
- Arbeid i ei god teneste med eit viktig samfunnsoppdrag
- Gode moglegheiter for leiarutvikling
- Gode arbeidsvilkår med kommunale pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Andre opplysningar:
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet EasyCruit
- Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
- Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast på førespurnad
- I søknadsskjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dette må grunngjevast. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan verta offentleggjorde jf. offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand
- Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju
Del på:
Referansenummer:
25/836
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse & Omsorg
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
01.04.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Luster
Heimeside:
http://www.luster.kommune.noAdresse:
Dalsdalen 1 6872 Luster