Luster kommune - Grandmo miljøteneste

Fagleiar

Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i omsorgsbustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar - eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire nye brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 82 tilsette. Med grunnlag i den store auken har ein vurdert organiseringa, og det er konkludert med ei inndeling i to team - med fagleiar som leiar for kvart team.

Me søkjer no motivert leiar til eit av teama.

Stillingsinformasjon:

  • Grandmo miljøteneste har ledig 100% fast stilling som fagleiar

Hovudoppgåver:

  • Fagleg oppfølging og fagutvikling
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift
  • Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar
  • Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø

 Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå
  • Relevant praksis/arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til kulturbygging og samarbeid, fleksibilitet, arbeidskapasitet og struktur
  • Det vert stilt krav om politiattest 

 Kommunen kan tilby:

  • Arbeid i ein veldrive kommune med gode- og sikre rammevilkår
  • Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Varierte-, utfordrande- og meiningsfulle oppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

24/4307

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

15.12.2024

Tiltreding:

27.01.2025 / Etter avtale

Arbeidsstad:

Gaupne

Kontaktpersonar:

Adresse:

Øyagata 20A 6868 Gaupne

Kart: