Luster kommune Luster oppvekstsenter

Lærar

Luster oppvekstsenter ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar og høve til utvikling. 

Fokusområder hjå oss er inkluderande leikemiljø, elevmedverknad, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, halvparten på skulen.

Vår skule har elevar i 1.-7.trinn, og dei er fordelt på tre klassar. Dette skuleåret har me 44 elevar.

Vår visjon:

Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Stillingsinformasjon:

  • Inntil 100% vikariat. Fagønskje: norsk, matte, KRØ, samfunnsfag, naturfag
  • Inntil 30% vikariat. Fagønskje: norsk, spes.ped, matte, samfunnsfag, KHV

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning som lærar for trinn 1-7
  • Praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande pedagogikkutdanning
  • Annan relevant kompetanse kan bli vurdert
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar som me legg vekt på:

  • auge for det einskilde barn
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • har god fagleg kompetanse saman med barn både ute og inne
  • gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • kjenner seg heime i visjonen vår
  • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt 
  • evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar :

  • Dei tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9
  • Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju
  • Ta kontakt for meir utfyllande informasjon
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

24/4279

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

24.11.2024

Tiltreding:

01.01.2025

Arbeidsstad:

Luster

Kontaktpersonar:

Adresse:

Lustravegen 3300A 6872 Luster

Kart: