Luster kommune - Veitastrond oppvekstsenter

Fagarbeidar/assistent

Veitastrond barnehage ligg under Veitastrond oppvekstsenter. Barnehagen har èin avdeling med 24 plassar.  
I barnehagen er det 5 tilsette, og 4 på skulen. Det er eit godt og nært samarbeid mellom barnehage og skule.   
Det er moglegheit for ekstra vikartimar.  
 
Til liks med dei andre barnehagane i kommunen, samarbeider me med Styd kommunikasjon i arbeidet med psykisk helsefremjande leikemiljø.  
 
Barnehagen ligg i enden av Veitastrondsvatnet, med gode moglegheiter for utandørsaktivitetar, og er omkransa av eit variert natur- og kulturlandskap.  

Stillingsinformasjon

  • Ledig 80% vikariat som fagarbeidar/assistent i barnehagen i tida 01.11.2024-09.08.2025

 Arbeidsoppgåver

  • Delta i leik og aktivitet saman med ungane
  • Delta i utviklingsarbeid
  • Samarbeida med personal og heim
  • Gje omsorg, trøyst og tryggleik

Kvalifikasjonar

  • For tilsetjing som fagarbeidar er det krav om fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • For tilsetjing som assistent er det ikkje formelle krav til utdanning

Personlege eigenskapar me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
  • Deltek aktivt og bidreg fagleg i utvikling i barnehagen 
  • Ein vaksen som er tilstades for barna og er oppteken av deira behov og barnas beste
  • Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan skapa gode og trygge rammer for barn 
  • Vera fleksibel og skapa gode relasjonar til både barn, foreldre og medarbeidarar
  • Likar å vera ute 
  • Likar å leika 

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Tilsett må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Referansenummer:

24/3764

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

20.10.2024

Tiltreding:

01.11.2024

Arbeidsstad:

Veitastrond

Kontaktpersonar:

Adresse:

Veitastrondsvegen 2252 6878 Veitastrond

Kart: