Luster kommune - Skjolden oppvekstsenter

Barnehagelærar

Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.

Inneverande skuleår er det 31 elevar på 1.-7. trinn, og skulen er tredelt, dvs. tre klassar. Barnehagen har denne hausten 18 barnehagebarn. Det er 16 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 10 årsverk barnehage, SFO og skule. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium. 

Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte». 

Stillingsinformasjon:

  • Inntil 100 % fast stilling som barnehagelærar 

 Kvalifikasjonar:

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse. Andre med anna relevant høgskuleutdanning kan også søkje
  • gjerne erfaring frå barnehage
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • menn vert oppmoda om å søkje

Arbeidsoppgåver:

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
  • bidra til eit godt samarbeid med føresette
  • ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar

 Personlege eigenskapar:

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette
  • likar å arbeida i lag med andre
  • taklar høgt tempo i kvardagen
  • godt humør

 Me kan tilby:

  • spennande og varierte arbeidsdagar
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein sterk fagleg organisasjon
  • fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
  • løn og pensjonsvilkår etter gjeldande avtaleverk


Andre opplysningar :

  • Politiattest må leggast fram før tilsetjing
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

Del på:

Referansenummer:

24/3550

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

06.10.2024

Tiltreding:

01.11.2024

Arbeidsstad:

Skjolden

Kontaktpersonar:

Adresse:

Bolstadvegen 7 6876 Skjolden

Kart: