Luster kommune Luster omsorgssenter

Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar

Luster omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt i Luster. 

Tilsette ved Luster omsorgssenter yter tenester til langtids sjukeheimspasientar, omsorgsbustadar og til heimebuande. Me søkjer sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar til sjukeheimsavdelinga. 

Stillingsinformasjon:

  • Me har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar frå snarast. Stillinga inngår i todelt turnus med arbeidshelg 3.kvar helg, for sjukepleiar/vernepleiar er det mogleg med langvakter på natt 4. kvar helg.
  • Som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar ved Luster omsorgssenter vert du ein del av eit fagleg dyktigt team med mykje erfaring og kompetanse. Me legg stor vekt på utvikling og kompetanseheving i eininga vår.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir.
  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Rettleie og følgje opp elevar, studentar og lærlingar
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
  • Erfaring/kompetanse innan eldreomsorg er ynskjeleg
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Del på:

Referansenummer:

24/3352

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

30.09.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Luster

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalsdalen 1 6872 Luster

Kart: