Luster kommune - Helse

Fastlege

Der Europas lengste fjord Sognefjorden, møter dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen: Drøymer du om å bli fastlege i Luster?

Stillingsinformasjon

Luster kommune har frå 01.08.2024 ledig fastlegeheimel med listelengd på 600 pasientar og inntil 20 % kommunale oppgåver. Individuelle tilpassingar og tidlegare/seinare oppstart kan vere aktuelt. Tenesta er godkjent som teljande i spesialisering (ALIS). Arbeidstid kl. 07.45 – 15.15.  

Om Luster legekontor

Luster legekontor er ein del av eininga Helse og held til i Helsesenteret i Gaupne. Legekontoret er samlokalisert med psykisk helse/rus, helsestasjon og fysio/ergo. Planlegging av nytt Helse- og omsorgssenter med samlokalisering av fleire tenester er i gang.

Kontoret består per no av 10 fastlegar og ein turnuslege. Det er ein fin blanding av erfarne og yngre kollegaer der 7 er spesialistar i allmennmedisin og 3 er under spesialisering med ALIS-avtale. Stabil legegruppe med gjennomsnittleg fartstid på 8 år. Legene har morgonmøte 30 minuttar kvar dag der vaktarbeidet og/eller interessante/problematiske kasus er tema. Kvar torsdag er det smågruppe-undervisning for legane.

Legekontoret har gjennom mange år hatt fokus på fagutvikling og internundervisning. Me har eit godt, inkluderande og stabilt arbeids- og utdanningsmiljø med engasjerte kollegaer og «open dør»-prinsipp for rettleiing. Gjennomgåande gode tilbakemeldingar på utdanningsmiljøet frå ALIS, LIS 1 -legar og medisinstudentar.

Alle legar i spesialistutdanning (LIS 3) får tildelt veiledar. 4 timar kvar månad er sett opp med fast rettleiing, samt ad hoc-rettleiing v/behov (open-dør-prinsipp på heile Legekontoret). Inntil 4 vekers utdanningspermisjon med lønn per år. og betalt kursavgift (det som ikkje vert dekka av Fond 2).

Legekontoret er godt utstyrt. Eige rom for gynekologi, skadestove og ØNH. Godt utstyrt laboratorium med god kvalitet. 6 ulike ultralydapparat, EKG/Spiro-/Tympanometri/Holter-EKG («ECG247»)/24timers BT.

Legevakt

Legevakt med maksimalt 10-delt beredskapsvakt frå eigen heim med utrykning etter behov. Legar som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse etter norske reglar vil få bakvakt. Det er godt utstyrt legevaktbil til disposisjon på vakt. Me nyttar oss av legevikarar til legevakt i ferieperiodar. Dette gjev gode moglegheiter for fleksibel ferieplanlegging og redusert vaktbelastning. Dag etter legevakt vil du som kommunalt tilsett ha avsett heile dagen til kontorarbeid, utan pasientar.

Sjukepleier på felles interkommunal legevaktsentral har god lokalkunnskap, så det er liten belastning på natt (typisk vekking <15-20% av vaktene). Saumlaust samarbeid med ambulansepersonale som er stasjonert i samme bygg som legevakta. Kommune-BEST samtrening for legar/ambulanse. Godt samarbeid med pleie- og omsorgstenesta. 2 KAD (ØHD) senger med dagleg visitt av lege.

 Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
  • Gode norsk kvalifikasjonar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil
  • Det vert stilt krav om politiattest
  • Ønskje om kompetanse innan rettleiing og akuttmedisin

 Me legg vekt på

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Verdsetje andre sin kompetanse og bidra inn i eit fagleg fellesskapet
  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter lokal avtale med aktivitetsbasert tilleggsinntekt (20 %)

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

Ta kontakt om noko er uklart og del gjerne med gode kollegaer!

Del på:

Referansenummer:

24/2014

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

21.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Gaupne

Adresse:

Øyagata 4 6868 Gaupne

Kart: