Luster kommune - Folkehelse

Aktivitetsguide Rocket-Man

Rocket-Man Luster søker aktivitetsguide.

Rocket-Man er eit fritidstilbod for ungdom (13-18 år) med fokus på meistring og inkludering i eit trygt miljø. I Rocket-Man får ein moglegheit til å vere med på mange spennande aktivitetar ilag med andre ungdommar og unge vaksne.
Er du mellom 18-30 år og ønskjer å gjere noko meiningsfylt? DÅ kan aktivitetsguide vere noko for meg! Aktivitetsguidane er sjølve berebjelken i Rocket-Man. Du vil vere som ei storesøster eller ein storebror som heier, støtter og rettleiar. Aktivitetsguide og ungdom treffast vekentleg.

Me ønskjer deg som:

  • vil bidra til å lage eit godt miljø
  • er positiv og engasjert
  • ønskjer å gjere ein forskjell
  • har ein fleksibel kvardag
  • vil vere med på spennande og varierte aktivitetar ilag med andre

Andre opplysningar 

  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Er du interessert i meir info?
Ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på tlf. 94156230 eller e-post: ingrid.mork.nygard@luster.kommune.no.

 

Del på:

Referansenummer:

24/614

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Tilkalling

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Luster kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusvegen 1 6868 Gaupne

Kart: