Luster kommune

Ferievikar omsorgstenesta

Ferievikariat i omsorgstenesta i Luster omfattar Luster omsorgssenter, Gaupne omsorgssenter, Hafslo omsorgssenter og Grandmo miljøteneste. Hafslo omsorgssenter har heildøgns tenester i omsorgsplassar for personar med demenssjukdom, dagsenter, omsorgsbustader og tenester til heimebuande. Gaupne omsorgssenter har heildøgns tenester i omsorgsplassar, omsorgsbustader, tenester til heimebuande, sentralkjøken og korttidsavdeling (KA). Luster omsorgssenter har sjukeheimsplassar, omsorgsbustader og tenester til heimebuande. Grandmo miljøteneste ligg i Gaupne og yter tenester til menneske med funksjonsnedsetting.

Stillingsinformasjon

  • Ferieperioden er frå 24. juni (veke 26) til 18. august (veke 33)
  • Ferievikariat av varierande lengde frå 24. juni til 18. august. Det er ynskjeleg at du i denne perioden kan arbeide mest mogleg samanhengande. Det er viktig at du i søknaden fyller ut kva tidsrom du kan arbeide. For sjukepleiar- og vernepleiarstudentar vert det gjeve gode lønsvilkår, basert på kor langt du har kome i utdanninga

 Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er i hovudsak pleie, omsorg, tilberede mat/delta ved måltid, reinhald, og praktisk bistand til aktuelle pasientyar, bebuarar og heimebuande - samt dagarbeid ved Luster sentralkjøken

 Kvalifikasjonar

  • Ferievikarar må ha fylt 18 år, men yngre søkjarar som tek helsefagarbeidarutdanning eller kokk/servitør kan og søke  
  • Me ynskjer sjukepleiarar/sjukepleiarstudentar, vernepleiarar/ vernepleiarstudentar, hjelpepleiararhelsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, heimehjelp, assistentar og elevar innan helse-/miljøarbeid og kokk/servitør
  • For å arbeide i korttidsavdelinga (KA) i Gaupne må du vere sjukepleiarstudent eller ferdig utdanna sjukepleiar. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet samt evne til å samarbeide og skape gode relasjonar
  • Det vert stilt krav om politiattest

Kommunen kan tilby

  • Arbeid i ein veldrive kommune med gode- og sikre rammevilkår
  • Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Varierte-, utfordrande- og meiningsfulle oppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode- og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste
  • Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

Del på:

Referansenummer:

24/39

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse & Omsorg

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

25.02.2024

Tiltreding:

24.06.2024

Arbeidsstad:

Luster kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusvegen 1 0000 Gaupne

Kart: